søndag 29. november 2009

Det demokratiske sjølvmordet

No må vi passa på så framandfrykta ikkje veks seg så sterk at at vi overser verdige hatobjekt.

I dag 29. november har nemleg sveitsarane halde folkerøysting om forbod mot bygging av minaretar. (Ein minaret er tårnet på ein moské – gudshuset for muslimar. Somme vil altså ha forbod mot å byggja tårn, som vanlegvis har nokså moderate dimensjonar, i tilknytning til muslimske gudshus.) Mens eg skriv dette, ser eg at 57 % har sagt ja til forbodet. Det sveitsiske demokratiet gjer med andre ord moralsk seppuku. I fridommens namn blir det forbode for borgarane å fylla den med innhald.

Forslaget kjem frå den tullete «høgresida» i sveitsisk politikk, men fordi det er så banalt og idiotisk, får det tilslutning blant eit klart fleirtal av innbyggjarane. Sjølvsagt er det «symbolpolitikk» det handlar om. Minaretar er ikkje å forstå som religiøse innretningar, heiter det, men som «politiske symbol». Dei symboliserer ikkje-integrering og ufridom. Silhouetten av ein minaret mot himmelen fortel slett ikkje om menneskets trong til å tolka tilværet og å orientera seg i universet; nei, det er eit teikn på den omseggripande islamiseringa av samfunnet. Visstnok er dette eit stort og veksande problem i Sveits; det er kort og godt på høge tid å hindra at det går heilt over styr. Til saman finst det fire minaretar i landet.

Kva er det ved det sveitsiske demokratiet som gjer at denne sjølvmotseiande situasjonen har oppstått? I eit rosverdig forsøk på å balansera ut nokre av dei perverse utslaga av det «representative demokratiet» har Sveits etablert eit system der kven som helst har rett til å krevja folkerøysting om endringar i grunnlova dersom dei greier å samla minst 100 000 underskrifter i løpet av 18 månader. I juli 2008 kunne Die Schweizerische Volkspartei presentera ei liste med 113 540 underskrifter på eit krav om at teksten «Bygging av minaretar er forbode» skal inn i grunnlova.

Kva er det ved minaretar som gjer dei så problematiske i det sveitsiske samfunnet? Argumentasjonen har som sagt i all hovudsak dreidd seg om symbolverdien til minaretane. Det generelle problemet med minaretar er altså ikkje at dei sperrar for utsikter, kastar bokstavlege skuggar eller slyngjer ut lyd som gjer nabolag ulevelege. Dei er politiske symbol og derfor utolelege. Ironien er at eit forbod vil sementera og styrkja den politiske symbolverdien. Først no blir minaretar – med rette – politiske symbol: symbol på trusfridom, på opprør mot kulturell einsretting, framandfrykt og det etnosentriske hatet til fridommen!

La oss tenkja litt meir alvorleg over det gamle anarkistiske slagordet: It's forbidden to forbid!

Problemet for demokratane er at dei ikkje kan dømma fleirtalets vilje etter enkle, moralske kriterium, for fleirtalet har i utgangpunktet alltid rett. Fleirtalsfetisjismen er noko av det som gjer demokratiet farleg. Rett nok har fleirtalets evne til å undertrykkja minoritetar aldri vore noko demokratisk prerogativ. Det særeigne ved demokratiet er den moralske sanksjonen som i prinsippet alltid skal følgja fleirtalets vilje. Derfor er demokratiet ei effektiv organisasjonform når fleirtalet skal undertrykkja. I staden for å dømma fleirtalets feil som f.eks. umoralske på vanleg vis må ein gå omvegen om statsvitskapen. Dersom demokratiet har ambisjonar om å verna om fridom i tillegg til å undertrykkja, må såleis systemet byggja inn skrankar mot fleirtalets overgrep og undertrykking. Tilslutning til såkalla universelle menneskerettar (til dels i form av juridisk forpliktande ordningar) er ein måte å søkja ei løysing på dette dilemmaet.

På visse vilkår forstår eg at det iblant kan vera behov for forbod og kodifisering av akseptabel og uakseptabel atferd. Men det som alltid vil gjelda, er at eit eventuelt forbod må stå i samsvar med krenkinga den forbodne praksisen medfører. Krenkingane det er snakk om som følgje av at det blir bygd minaretar, er, eventuelt, reint symbolske, og eit forbod er derfor ikkje eit vern mot noko anna enn åndsfridommen.

5 kommentarer:

Nagel sa...

Godt innlegg. Dette er problemet med ethvert demokrati, enten det er direkte eller representativt. Det er også årsaken til at man må ha absolutte regler i konstitusjonen som etablerer ukrenkelige rettigheter som majoriteten ikke kan gjøre noe med. I Norge har Høyesterett fullstendig uthulet Grunnlovens beskyttelse av mindretallet, og det samme skjer vel i de fleste andre demokratier. Årsaken er antagelig nettopp den moralske sanksjonen du hevder ligger i flertallsvedtaket.

kvilelaus sa...

Det er fleire timar sidan resultatet var klart, og dei norske nettavisene har ikkje reagert. Kva skriv dei om? Tenning av julegraner, Zlatan Ibrahimovic, liv på månen, at Oddvar Brå synest Petter Northug er god på ski ...
Verdilause møkkamedium!

kvilelaus sa...

Neue Zürcher Zeitung:
«Das vom Stimmvolk beschlossene Bauverbot für Minarette sei keine Absage an die Muslime, ihre Religion und ihre Kultur, sagte Justizministerin Eveline Widmer-Schlumpf. Der Volksentscheid richte sich ausschliesslich gegen den Bau von Minaretten.»

Norsk: Ifølgje justisministeren er resultatet altså ikkje å forstå som ei avvising av muslimar, deira kultur og religion; det rettar seg berre mot sjølve bygginga av minaretar.

Ja, riktig ...

Anonym sa...

Er i hovedsak enig med deg. Antar resultatet ville blitt det samme i en tenkt norsk avstemming.
Men - minareter er noe mer og annet enn våre kjente kirketårn som vekker de nærmeste naboene søndag morgen: Flere ganger om dagen roper de ut religiøs "propaganda" - enten vi ønsker det eller ikke. (Vi tenker ofte ikke på det når vi er turister i muslimske land - da vi ikke forstår språket det ropes på.) Men det benyttes aktivt for "hjernevask" - gjerne for å overdøve og plage kristne minoriteter i muslimske land. Er selv stor tilhenger av religionsfrihet - men ikke religionspådytting som minareter brukes til.

kvilelaus sa...

Eg er usikker på om minaretar blir brukt til meir eller prinsipielt annleis «religionspådytting» enn f.eks. kyrkjeklokker. (Sjølv om kyrkjeklokker i Norge sjeldan ringjer fem gonger om dagen.)

I kongeleg resolusjon 26. oktober 1990 i medhald av grunnlova § 16 (den såkalla «anordningsmyndigheten» kongen har i kyrkjesaker) heiter det mellom anna dette:

«De liturgiske funksjoner kirkeklokkene har i en evangelisk kirke, kan sammenfattes under følgende hovedpunkter:
– å forkynne Guds ære;
– å peke oppover på samme måte som også kirketårnet og kirkespiret gjør det;
– å samle Guds folk til gudstjeneste;
– å kalle Guds barn til bønn og forbønn;
– å minne om det evige livs mål hos Gud i himmelen.»
(Mi formatering av sitatet; dessverre er ikkje «blockquote» mogleg i kommentarar.)

Reglane som følgjer, er minimumsreglar for ringjeskikkar som dei lokale kyrkjene skal halda i hevd. Eit vidare pålegg frå kongen: «Lokale ringeskikker som går ut over dette minimum, skal holdes i hevd og fortsette som hittil.»

Alle – også kyrkjer og moskear – bør sjølvsagt ta høgde for at mykje lyd kan verka forstyrrande. Det er så.

Eit teoretisk poeng: Dersom reglane om bruk av kyrkjeklokker kjem i strid med f.eks. forureiningslova (støy er rekna som forureining, jf. § 6), vil kyrkjeklokkereglane ha rettsleg forrang – fordi dei er heima i grunnlova. Dette er eit privilegium bønnerop frå ein moské ikkje har.

Etter mitt syn er det sjølvsagt heilt koko at monarken i Norge skal diktera reglar for bruk av kyrkjeklokker i eit trussamfunn, men det er jo eit interessant apropos.

Elles vil eg gjerne seia at eg også er tilhengjar av retten til å driva misjonering. (No seier eg ikkje at nokon her har gitt direkte uttrykk for noko anna.) Eg kan ikkje skjønna kvifor religiøse bør leggja meir band seg når dei skal forkynna bodskapen sin enn dei som har andre saker dei brenn for, bør gjera – snarare tvert imot.