fredag 28. august 2009

Lises dilemma

Per og Lise er kjærastar. Dei bur på kvar si side av ei diger elv. Over denne elva går det ei bru som dei bruker når dei skal på besøk til kvarandre.

Men ein mørk haustdag blir brua tatt av flaumen.
Det går fleire dagar. Kjærastane ser ingenting til kvarandre.

Lise er fortvilt. Ho saknar kjærasten sin sånn! Ho vrir hendene og spør seg korleis ho kan koma over til den andre sida av elva, til Per.
Lise får ein idé. Ho kan spørja Ivar. Ivar har robåt. Ivar kan jo ro henne over til Per!
Ivar er forelska i Lise. Når Lise kjem og spør om han kan ro henne over til Per, svarer han at han alltids kan gjera det – men berre om ho vil liggja med han først.

Lise er fortvilt. Ho vil jo over elva til Per, kjærasten hennar. Men for å få Ivar til å ro henne over er ho nøydd til å liggja med han. Lise veit ikkje si arme råd. Ho går til mora si for å spørja henne til råds.
«Mamma,» seier Lise, «brua er borte, og eg vil til Per. Ivar har båt og kan ro meg over, men han vil ikkje gjera det utan at eg ligg med han først. Kva skal eg gjera, mamma?»

Men mor til Lise har ikkje noko konkret råd å gi i denne saka, så ho svarer: «Barnet mitt, dette er noko du sjølv blir nøydd til å finna ut av.»
Lise er rådlaus og fortvilt. Ho vil jo over til kjærasten sin, men skal ho bli rodd over til den andre sida av elva, må ho liggja med ein annan.
Lise ligg med Ivar. Ivar ror henne over elva.
På veg frå elvebreidda til Per går Lise forbi huset til Hans. Hans er bestekameraten hennar. Ho bankar på hos Hans, og når han opnar fortel, ho kva Ivar fekk henne til å gjera. «Han ville ikkje ro meg over til Per utan at eg låg med han først,» seier ho.
Hans blir svart av vreide. Sporenstreks tar han sin eigen båt og ror over til den sida av elva der Lise og Ivar bur. Han går rett heim til Ivar og gir han ein real omgang juling.



OPPGÅVE
Ranger moralen til dei fem personane (Lise, Ivar, mor til Lise, Per, Hans) i denne historia. Lag ei liste på ein til fem, der førsteplassen går til den med best moral og femteplassen til den med dårlegast moral.

1 kommentar:

Blastocyst sa...

Dette dilemmaet fekk vi presentert på VGS. Då heitte Hans Knut. Erindrar ikkje heilt korleis eg rangerte personane, men hugsar at gutane og jentene i klassa vår hadde fundamentalt ulikt syn på mora til Lise.