tirsdag 8. september 2009

Vurderingar (5.–3.-plass)

5.-plassen, den mest umoralske: Hans. Avgjerande for meg er at Hans grip inn (med vald) mot ein part i ein frivillig transaksjon. I tillegg er han ein utruleg hyklar: Han kunne jo sjølv ha rodd over elva og henta Lise, men det gjorde han ikkje – sjølv om han burde ha skjønt at Lise ville over. I staden straffar han Ivar, som rett nok tuska til seg sex i bytte, men som faktisk var den som sørga for at Lise kom over.

4.-plassen går til Lise. Det er flott at ho elskar Per. Dilemmaet hennar er heller ikkje vanskeleg å forstå. Eg kunne aldri ha fordømt henne for at ho kjøper seg skyss ved å vera utru utan ei sterk kjensle av ambivalens. For er ho eigentleg utru? Utru av truskap? Men etter mitt syn er det ikkje dette som gjer at Lise får den nest dårlegaste rangeringa. At ho supplerer byttehandelen ho gjorde med Ivar, med ei etterfølgjande straff (om enn indirekte), er forståeleg, men småleg – særleg når ho bruker Hans, den største idioten av dei alle, som verktøy. Hadde ho avstått frå å gå til Hans i etterkant, ville ho ha vore ei tragisk heltinne; no er ho ei tøyte.

Ivar, som kjøper sex, er på 3.-plassen. Han utnyttar den vanskelege situasjonen Lise er i, heilt klart. Han kunne ha rodd henne over utan å liggja med henne. Likevel er han ingen valdtektsmann. Dei som er ansvarleg for vald i denne historia, er Lise sjølv og Hans.

Ingen kommentarer: