torsdag 10. september 2009

Dei som ikkje gjer noko (dei moralsk beste)

Kvifor vurderer eg Per og mor til Lise som dei mest moralske i den vesle historia vår? – Det er jo dei som ikkje gjer noko. Det er dei som unngår å involvera seg. Det er dei som ikkje tar sjansar.

Per, på 2.-plass, er neppe nokon særleg god kjærast. Så vidt vi veit, gjer han ingenting for å få sjå Lise. Det er mindre enn ein forventar av ein kjærast. Men med informasjonen vi har, er det er vanskeleg å påvisa noko grovt umoralsk hos Per. Kan henda er han berre ein tolmodig mann.

På topp i mi moralske rangering kjem mor til Lise. Somme vil synast at ho er unnvikande og ikkje gjer som ein kan forventa av ei god mor; ho gir ikkje noko råd om kva Lise bør gjera. Vel, ho lar det vera opp til dottera sjølv å avgjera kven ho skal liggja med. Dette tyder på at mora godtar dottera som ein moralsk autonom person. For meg er dette slik det skal vera.

La oss no tenkja oss at mor gir Lise råd om kva ho skal gjera. Somme vil seia at ho, som mor, burde gi dottera råd om ikkje å liggja med Ivar. Ikkje noko dårleg råd, kanskje. Men faktisk gir ikkje mora dette rådet, og Lise vel å liggja med Ivar. Dersom, i vårt hypotetiske tilfelle, mor hadde råda Lise til det eine eller andre, er det såleis svært sannsynleg at ho ville ha påverka dottera i retning av det motsette av det dottera sjølv faktisk såg som det beste alternativet.

Viser dette at eg tenderer mot å vurdera ikkje-involvering som det moralsk beste også i andre samanhengar?

Ingen kommentarer: