onsdag 25. november 2009

Arbeidslivet

Eg vedgår det. Eg har baktalt arbeidslivet. Mellom anna har eg hevda at det slett ikkje er så utviklande som mange skal ha det til. Eg har også meint at mange typar arbeid snarare gjer verda til ein dårlegare enn ein betre stad. Eg har omtalt yrkesaktivitet som heft, og eg har mislikt forventningane om å leva seg inn i visjonar og målsetjingar ein ikkje trur på.

Er det ostrakismen på grunn av slike utsegner som gjer seg gjeldande no? – For tida er eg nemleg jobbsøkjar, og stort sett får eg berre avslag.

Rett nok er eg verken «svolten» eller «ambisiøs» (og langt ifrå «optimistisk og full av pågangsmot»), men eg ønskjer altså ein avtale om utveksling av mine tenester mot andres pengar. Ein jobb bør sjølvsagt gi noko meir enn inntekt, men eg er ikkje kravstor. Eg vil helst ikkje selja våpen eller driva lobbyisme for auka oljeutvinning, men kan gjerne identifisera meg med Sisyfos. Eg hevar meg ikkje over prakkete småoppgåver. Eg kan godt vera overkvalifisert. Og eg kjem i så fall ikkje til å rosa meg av å vera det. I det heile tatt er statushierarkiet lite internalisert i meg. Eg kan vera både audmjuk og dyktig.

I dei fleste tilfella er eg utruleg godt kvalifisert for stillingane eg søkjer. Men dette er Trondheim, og det er altfor mange velkvalifiserte per ledige stilling. Det er opprørande kor uinteressert arbeidslivet er i meg. Det inviterer meg ikkje eingong til jobbintervju!

Mest truleg bør eg ikkje ta dette personleg. Men det er ikkje så lett. Iblant tar eg meg sjølv i å undrast på om storsamfunnet endeleg har gjennomskoda meg som eit falskt og livsudugeleg individ.

CV-en min er kanskje ikkje heilt rettlinja og tradisjonell, men den burde da fortelja om eit allsidig menneske som ikkje held seg for god til å delta på så ymse vis. Kanskje viser den ikkje godt nok kva for ein rikdom eg kan vera på ein arbeidsplass? Seier den for lite? Eller er det snarare sånn at den seier for mykje? Skin det igjennom at det har rakna for meg?

Somme tider kan det koma eit særskilt drag av håpløyse over auga mine. Noko innvendig kjem til syne. Har det gått så langt at alle har sett det?

1 kommentar:

Blastocyst sa...

"Somme tider kan det koma eit særskilt drag av håpløyse over auga mine. Noko innvendig kjem til syne. Har det gått så langt at alle har sett det?"

Eg har sett ein person eg ikkje kjenner i Trondheim, som passar til denne skildringa. Neste gong eg ser den som kanskje er deg, skal eg seie hei.

Utan å kjenne deg, tykkjer eg du skal gå til kunsten. Du verkar som ein mann for kunsten.