lørdag 28. november 2009

Nytt liv til gamle kontradiksjonar

Både teistar og ateistar ser ut til, i all hovudsak, å vera samde om at Alvin Plantingas free will defense løyser dei logiske problema som følgjer av læra om at Gud både er allmektig og god. Teisme har vorte salonfähig i analytisk filosofi. Godt er det, tenkjer eg. Med kontradiksjonen forsvann også ein gammal fordom. Ateistar har ikkje lenger noko intellektuelt overtak berre i kraft av å stå i samklang med doxa.

Det er ikkje utan smerte, men eg òg ser meg nøydd til å akseptera resonnementet til Plantinga som koherent, elegant og kanskje sant. Likevel har eg ein reservasjon: Filosofar kan lett bli så blinda av dei logiske rørslene frå premiss til konklusjonar at dei gløymer å sjå etter om premissa er kurante. Og alle er vi blinda av det vonde i den grad at vi ikkje spør oss sjølve grundig ut om kva vi meiner med det gode.

Eit paradoks kan definerast som ein tilsynelatande uakseptabel konklusjon frå tilsynelatande akseptable premiss via tilsynelatande akseptabel resonnering. Eg mistenkjer Plantingas forsvar for å vera ein type paradoks, og eg mistenkjer at det gamle teodicé-problemet ligg gøymt i eit av premissa.

Kontradiksjonen er fjerna, mistenkjer eg, ved å omtolka det gode og dermed trylla vekk den moralske spenninga som, etter mitt syn, er sjølve veggen klassisk teisme alltid møter. Derfor meiner eg også at løysinga til Plantinga på eit eller anna vis må vera falsk. Den som gir inntrykk av å kunne gå gjennom vegger, er vanlegvis ein illusjonist. Det gode hos Plantinga (og andre teistar som støttar seg til liknande tankar) er omtolka frå den moralske grunntydinga til ei ontologisk, guddommeleg (og dermed sirkulær), førmoralsk – og den logiske utgåva av det vondes problem er nettopp eit moralsk problem. Vår protest mot Gud baserer seg på ei vanleg, menneskeleg, immanent forestilling om det gode – fordi verda slik vi kjenner den, og ein god Guds eksistens og allmakt ikkje harmonerer med nokon menneskeleg og forståeleg standard for kva det betyr å vera god. Gud er vond eller ikkje allmektig. Å suspendera ei enkel, endefram og opplevd forestilling om det gode ved å erstatta den med ein sofistikert, transcendent variant opphevar ikkje kontradiksjonen, men teknifiserer og forenklar diskusjonen ved å bytta ut byggematerialane.

På eit eller anna nivå meiner eg altså å sjå at Plantinga ikkje har løyst kontradiksjonen som ligg ved kjernen av det vondes problem. All den tid dette motseier konsensus blant religionsfilosofar, er det ein dristig påstand, og kanskje tar eg feil, men eg vil liksom ikkje gi slepp på innvendinga før den er tenkt ferdig og diskutert skikkeleg.

Derfor: Om nokon er oppdatert på saksfeltet og kan tenkja seg ein kveld med luftig samtale, spanderer eg gjerne kaffe på ein fredeleg stad i Trondheim. (E-postadresse til høgre.) Eg kan også ha behov for å få forklart kva Plantinga meiner med transworld depravity. (Kan henda er det dette eg er eit offer for.) Eg ønskjer å tenkja igjennom dette før eg døyr.

Ingen kommentarer: