onsdag 11. november 2009

Gråtelista

Det er alltid artig å sjå folk laga lister over «dei beste bøkene» eller «bøker alle burde lesa». Slike lister samsvarer sjeldan heilt med min smak, men ein kan jo få nokre nye idear.

Lista mi er ganske kort. Det er ei liste over bøkene som har fått meg til å gråta.
– Sigrid Undset: Jenny
– William Faulkner: The Sound and the Fury
– Jonas Gardell: Om Gud
– James Baldwin: Go Tell It on the Mountain
Er det ikkje fleire? Det må da vera fleire. Og kva seier denne lista om lesaren?

Eg har også gråte av arkitektur.

Ingen kommentarer: