mandag 9. november 2009

Rockemausoleet

Kva luktar det av rocken? – Er det berre gammal fyllesveitte, eller er det lukta av lik eg kjenner?

STATSAPPROBERT
No byggjer dei rockemausoleum i Trondheim. Etter lange kampar i korridorane i sentraladministrasjonen og eldsjelers påtrykk blir «det nasjonale opplevelsessenteret for pop og rock» Rockheim verkeleg. Er dette eit «krafttak» og eit «løft» for rocken som kulturuttrykk? Eller er det snarare det endelege teiknet på at rocken er død?

Kapitalen har lenge ernært seg på uttrykksformene til den rufsete ungdomskulturen. Innan hip hop ser det nesten ut til at hedonismen er den einaste levande verdien. «Bling, bling» (kva no det skal bety) er visstnok the pinnacle of cool, og «porno» har vorte eit adjektiv.

Staten, det andre åtseldyret, har endeleg kjend lukta og vil vera med på gildet, den òg. Den skjenkjer oss rockemausoleet. Vi får vist til fulle kor avhengig det norske kulturlivet er av offentlege krykkjer. Snart har vi hjelpemiddelsentralar for alle tenkjelege sjangrar og fritidsinteresser. I Norge definerer vi «mangfald» som det spekteret av kulturuttrykk staten kan ta opp i seg. Utanfor statens armhule er det berre kulde og mørker.

Er det fleire som kjenner seg litt uvel ved tanken på ein statsapprobert opprørsestetikk?

DER KULTURLIVET ER FRITT
Hatebreed (USA) er eit av dei nye hard core-/metallbanda. Eg har den siste plata. Det høyrest skikkeleg tøft ut.

Eg siterer delar av opningslåta «Become the fuse»:
Ignited with burning conviction

Become the fuse
Behold the fire of redemption
Become the fuse
Let this be the catalyst of action

etc.

Awaken, the dormant force
Awaken, the light within
Awaken, it must be done
Awaken, become the fuse
Dette liknar mykje på brennande engasjement, gjer det ikkje? Godt, gammaldags hard core-sinne, ikkje sant? Er det ikkje godt å sjå at unge musikarar i dag kan brøla storsamfunnet stolt og hissig opp i ansiktet?

I eit intervju reflekterer Hatebreed-vokalist Jamey Jasta over kampen dette bandet kjempar og har kjempa (mi transkribering):
People know where we’ve come from. People know how we’ve bled for this band and the whole movement. And, you know, all we wanna do is deliver a record that they want and keep our legacy strong and keep our message intact. I think we’ve done that with this record.
Formuleringar som går att på den nye Hatebreed-plata, er «fighting the fight», «everyone fucking bleeds now» og mykje som liknar. Men når dei syng om «conviction»: Kva er innhaldet av overtydinga? Kampen dei hevdar å kjempa – kva dreier den seg om, kva kjempar dei mot, kven er fienden? Kva slags krefter står imot oss? Korleis skal vi tenkja oss transformasjonen vi ber om?

Kort sagt: Desse unge, sinte, engasjerte mennene hevdar at dei vil noko. Men kva? Kva har dei å seia?

Eg har mastergrad frå eit universitet og er slett ikkje ukjend med å eksegera pussige utsegner. Likevel er eg ikkje i stand til å finna noko svar på desse spørsmåla. Eg mistenkjer at det einaste som står att av hard core-sinnet, er konvensjonar og estetikk. Men kanskje var det nettopp dette som var kjernen.

Løft eit banner utan bodskap. Hyl og skrik. Ver eit rocka individ.

Til lykke med stadig nye kulturinstitusjonar!

Ingen kommentarer: