Offentleg finansiert prevensjon til unge kvinner viser seg å ha ein svært gunstig effekt på aborttala. Eit prøveprosjekt i kommunane Tromsø og Hamar viser at vi kan forventa berre halvparten så mange abortar dersom unge kvinner får gratis prevensjon. Eit forbausande effektivt tiltak, med andre ord. Det er ein nærliggjande å meina at staten bør følgja opp og gjera ordninga permanent og landsdekkjande.I og med at det er greitt og lovleg å ta vekk eit menneskefoster, kvifor er det samtidig eit uttalt mål å få aborttala ned? Det lurer eg på.
Er dette først og fremst eit samfunnsøkonomisk spørsmål? Abort er eit kirurgisk inngrep og har ugunstige individuelle og institusjonelle konsekvensar. Ei mindre konsekvensrik løysing er å hindra svangerskapa farmakologisk og i forkjøpet.Er det omsynet til fostera eller til dei unge kvinnene som gjer at det er ønskjeleg med færre abortar? Sjølv om ein abort kanskje ikkje er umoralsk overfor fosteret, er den ei belastning for den som tar abort. Sjukmeldingar, irrasjonell eller rasjonell skyldkjensle, stigmatisering, ...Er eg håplaust gammaldags når eg mistenkjer at dette også handlar om ein genuin ambivalens i synet på kva moralsk status fosteret skal ha? Etter lovverket og den rådande haldninga har ikkje fosteret fullt «menneskeverd». Sagt på ein annan måte: Regelen om individ med såkalla menneskeverd – at dei ikkje kan brukast for formål som er framande for dei sjølve – gjeld ikkje for foster. Men kva moralsk status har foster? Kva som helst kan vi ikkje gjera med dei. Eksempelvis vil det ikkje vera greitt å bruka soltørka menneskefoster i pastasaus – sjølv om det skulle visa seg at dette ville gi ein heilt eksepsjonell og ettertrakta smak. Men drepa fosteret fordi det som ferdigverpa menneske vil koma i vegen for ungdommeleg fridom, kan vera rett.
Er dette med rett og gale overfor foster eit gradsspørsmål?Er det med fosterdrap som med eting av dyr? – Sjølv om det ikkje er direkte feil, er eit visst ubehag likevel på sin plass. Både aborttala og kjøttforbruket bør ned.
torsdag 4. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar