lørdag 20. februar 2010

Fotografar

Foto: San Fransisco International Film Festival

Like gammal som Kevin Carter var da han tok sitt eige liv, grev eg fram det gamle fotoutstyret mitt og sel det. To fine kamerahus, eit par blitzar, diverse god optikk – funksjonell og vakker teknologi, bra saker enno i dag, stuva bort i omtrent eit tiår. Dei perfekte, men akk, så prematurt gammaldagsgjorte Olympus-greiene skal få leva vidare mellom hendene på ekte, entusiastiske fotografar. Enno finst dei, dei som etsar det flyktande lyset fast i rullar av sølv.

Du veit ikkje kven Kevin Carter var, seier du? Likevel har du ganske sikkert sett bildet han er mest kjend for. Prøv «kevin carter» i bildesøk på Google.

Kevin Carter (1960–1994) voks opp i Johannesburg, Sør-Afrika, og starta som sportsfotograf i 1983. I 1984 fekk han jobb i avisa The Johannesburg Star. Han var medlem i den opposisjonelle Bang-Bang Club, som la vekt på sosialt engasjert fotojournalistikk. I 1994 fekk han Pulitzer-prisen for bildet som så ikonisk dokumenterer svoltkatastrofen i Sudan året før.

Konstellasjonen av barnet i ferd med å svelta i hel og gribben som lurer i bakgrunnen, er gripande og godt sett. Innlevande, utspekulert. Carter var fotografen som kynisk-empatisk og med kulde eller desperasjon lurte sanninga ut av situasjonane.

Er det rørande eller berre opprørande, det Carter gjorde da han brakte oss det døyande barnet? Pulitzer-prisen er kanskje den tydelegaste og mest allmenne forma for heider ein fotojournalist kan få. Men dei kritiske røystene kom fort. Var det rett å snika seg innpå barnet og fuglen på den måten Carter hadde gjort? Visstnok stod han i mellom 20 og 30 minutt og venta på at motivet skulle bli enda meir perfekt: at gribben skulle falda ut vengene. Han hadde tolmodet til å laga geniale bilde, men også eit hjarte som kunne la eit sveltande barn bli liggjande, solkokt og hjelpelaust.

Kevin Carter var ikkje framand for denne typen innvendingar til sitt eige arbeid.Tidlegare i karrieren dokumenterte han det sørafrikanske apartheidregimets overgrep. Han uttalte seg tidvis nokså kritisk om si eiga rolle.

På midten av 1980-talet var Carter fotografen som var til stades under den første kjende offentlege avrettinga der metoden «necklacing» vart brukt: Fyll ein sykkelslange eller noko liknande med bensin, snurr den rundt overkroppen på offeret/dilinkventen, og tenn på. Dette såg han. Dette fotograferte han. Dette gjorde han til ein leveveg: å sjå, å teikna med lys, men ikkje gripa direkte inn i uretten.

I ettertid sa han dette (jf. Tim Porter: «Covering War in a Free Society»):

I was appalled at what they were doing. I was appalled at what I was doing. But then people started talking about those pictures... then I felt that maybe my actions hadn't been at all bad. Being a witness to something this horrible wasn't necessarily such a bad thing to do.
* * *

I tjueårsalderen var eg ein ivrig og visjonær amatørfotograf. Det varte ikkje lenge. Grunnen var ikkje at gatene Trondheim var så mykje mindre fotogene enn dei i Johannesburg. Det handla vel heller om at medvitet tok overhand. Med kamera vart eg ein påtrengjande tilskodar; eg skipla det eg såg. Kameraet vart mitt materialiserte blikk, og kontrollhjula som styrer blendar og lukkartid, la beslag på dei unge hendene mine. Eg la vekk fotoutstyret. Eg valde ord og introspeksjon.

Mens eg taler og ikkje deltar, vart Carters lagnad den å fotografera og ikkje delta. Eller er det sånn at dei beste tilskodarane er deltakarar i ein annan, potensert forstand?

Kevin Carter løfta kameraet og ikkje neven mot uretten han var vitne til i heimlandet. I staden for å gi vatn til barnet i den sudanske solsteiken, gav han verda ein fotografisk talisman. 33 år gammal tok han sitt eige liv. Både karrieren og den kristusaktige dødsalderen inviterer til dikting.

* * *

I samband med at eg endeleg har kvitta meg med fotoutstyret mitt, har eg hatt kontakt med fleire fotografar. Dei fleste har slått meg som utruleg engasjerte, taleglade personar. Eg har hatt lange telefonsamtalar med fleire. Eg har oppretta ein konto på nettsida foto.no, og ulikt dei fleste andre torgplassane på Internett ber diskusjonsforumet til norske fotografar preg av at brukarane jamt over er seriøse, rause og reflekterte.

Fotografi, har eg forstått, er også ein måte å vera i verda.

Ingen kommentarer: