fredag 16. april 2010

Informasjonsrekkjefølgje

Kva rolle speler rekkjefølgja på informasjonen når ein byggjer kunnskap eller synspunkt?

Eg har akkurat bestilt og fått to bøker: Niall Fergusons The Ascent of Money. A Financial History of the World og Robert Paul Wolffs In Defense of Anarchism. Til ein viss grad kan eg sikkert venta at nokre framstillingar i dei to bøkene vil vera eigna til å slå kvarandre i hel.

Bør eg rusta meg med argument mot den eine ved å lesa den andre først? Eller er det snarare sånn at eg bør venta med nokre avgjerande innvendingar mot ei av bøkene ved å utsetja det å lesa den eg ønskjer å læra mest av?

Ingen kommentarer: