fredag 11. februar 2011

Førstehjelp

På førstehjelpskurset sat vi parvis og vurderte kva ein burde gjera i ymse hypotetiske situasjonar: Ein medsyklist hadde kollapsa og låg livlaus i vegkanten.

«Livlaus»? Han eg sat i lag med, er filosof (med doktorgrad i medisinsk etikk, faktisk). Vi var begge usikre på definisjonen av tilstanden «livlaus». Assosiasjonane gjekk fort i retning av det hebraiske ordet ruach. Livet er noko som Jahve har pusta inn i mennesket. Herren fylte mennesket med ande.

Men den hypotetiske medsyklisten ligg altså livlaus; han er ikkje bevisst, og han pustar ikkje sjølv om luftvegane er frie. Tilkall hjelp. Start hjarte-og-lunge-redning. Vi knadde på ei dukke og prøvde hjartestartar. Fekk vita at det ikkje er farleg om ein knøvlar eit ribbein eller to.

Verda blir enkel når ein skal redda liv. Men etikaren får aldri nok av hypotesar: Kva om den livlause heiter Per Sandberg?

Ingen kommentarer: