søndag 27. mars 2011

Tre år, også i mars

Teksten eg skreiv same dagen som eg møtte deg, har eg aldri vist fram. Eg ville ikkje at du skulle tru den handlar om deg eller om nokon eg kunne ha kjend tidlegare. Eg ville heller ikkje at den skulle handla om meg sjølv.

Sanninga er at eg hadde timar til overs. Mens eg venta på at kvelden skulle føra oss saman, sat eg i eit hjørne på ein kafé og var skyldig i dette: […]

Seinare spaserte eg til bortsida av Innherredsvegen. Eg var ute i gråvêr, tjukk ullgenser og god tid. Du hadde raud lue da du kom ut av bussen. Kor vart det av den lua, tru?

Ingen kommentarer: