Viser innlegg med etiketten Lises dilemma (føljetong). Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lises dilemma (føljetong). Vis alle innlegg

torsdag 10. september 2009

Dei som ikkje gjer noko (dei moralsk beste)

Kvifor vurderer eg Per og mor til Lise som dei mest moralske i den vesle historia vår? – Det er jo dei som ikkje gjer noko. Det er dei som unngår å involvera seg. Det er dei som ikkje tar sjansar.

Per, på 2.-plass, er neppe nokon særleg god kjærast. Så vidt vi veit, gjer han ingenting for å få sjå Lise. Det er mindre enn ein forventar av ein kjærast. Men med informasjonen vi har, er det er vanskeleg å påvisa noko grovt umoralsk hos Per. Kan henda er han berre ein tolmodig mann.

På topp i mi moralske rangering kjem mor til Lise. Somme vil synast at ho er unnvikande og ikkje gjer som ein kan forventa av ei god mor; ho gir ikkje noko råd om kva Lise bør gjera. Vel, ho lar det vera opp til dottera sjølv å avgjera kven ho skal liggja med. Dette tyder på at mora godtar dottera som ein moralsk autonom person. For meg er dette slik det skal vera.

La oss no tenkja oss at mor gir Lise råd om kva ho skal gjera. Somme vil seia at ho, som mor, burde gi dottera råd om ikkje å liggja med Ivar. Ikkje noko dårleg råd, kanskje. Men faktisk gir ikkje mora dette rådet, og Lise vel å liggja med Ivar. Dersom, i vårt hypotetiske tilfelle, mor hadde råda Lise til det eine eller andre, er det såleis svært sannsynleg at ho ville ha påverka dottera i retning av det motsette av det dottera sjølv faktisk såg som det beste alternativet.

Viser dette at eg tenderer mot å vurdera ikkje-involvering som det moralsk beste også i andre samanhengar?

tirsdag 8. september 2009

Vurderingar (5.–3.-plass)

5.-plassen, den mest umoralske: Hans. Avgjerande for meg er at Hans grip inn (med vald) mot ein part i ein frivillig transaksjon. I tillegg er han ein utruleg hyklar: Han kunne jo sjølv ha rodd over elva og henta Lise, men det gjorde han ikkje – sjølv om han burde ha skjønt at Lise ville over. I staden straffar han Ivar, som rett nok tuska til seg sex i bytte, men som faktisk var den som sørga for at Lise kom over.

4.-plassen går til Lise. Det er flott at ho elskar Per. Dilemmaet hennar er heller ikkje vanskeleg å forstå. Eg kunne aldri ha fordømt henne for at ho kjøper seg skyss ved å vera utru utan ei sterk kjensle av ambivalens. For er ho eigentleg utru? Utru av truskap? Men etter mitt syn er det ikkje dette som gjer at Lise får den nest dårlegaste rangeringa. At ho supplerer byttehandelen ho gjorde med Ivar, med ei etterfølgjande straff (om enn indirekte), er forståeleg, men småleg – særleg når ho bruker Hans, den største idioten av dei alle, som verktøy. Hadde ho avstått frå å gå til Hans i etterkant, ville ho ha vore ei tragisk heltinne; no er ho ei tøyte.

Ivar, som kjøper sex, er på 3.-plassen. Han utnyttar den vanskelege situasjonen Lise er i, heilt klart. Han kunne ha rodd henne over utan å liggja med henne. Likevel er han ingen valdtektsmann. Dei som er ansvarleg for vald i denne historia, er Lise sjølv og Hans.

søndag 6. september 2009

Rangering av moral

Det er først når vi samanliknar ulike personar sine moralske vurderingar, at historia om Lise og dei andre (jf. under/over/tidlegare) blir skikkeleg interessant. Aller mest overraskande for meg sjølv var at den eg rangerte som den mest umoralske, av andre vart vurdert som ein slags helt.

Dei som er med: Lise, Per (kjærasten til Lise), Ivar (som har båt og vil liggja med Lise), mor til Lise, Hans (bestevennen til Lise og han som bankar Ivar)

Mi vurdering:
  • 5.-plass: Hans (mest umoralsk)
  • 4.-plass: Lise
  • 3.-plass: Ivar
  • 2.-plass: Per
  • 1.-plass: mor til Lise (minst umoralsk)

fredag 28. august 2009

Lises dilemma

Per og Lise er kjærastar. Dei bur på kvar si side av ei diger elv. Over denne elva går det ei bru som dei bruker når dei skal på besøk til kvarandre.

Men ein mørk haustdag blir brua tatt av flaumen.
Det går fleire dagar. Kjærastane ser ingenting til kvarandre.

Lise er fortvilt. Ho saknar kjærasten sin sånn! Ho vrir hendene og spør seg korleis ho kan koma over til den andre sida av elva, til Per.
Lise får ein idé. Ho kan spørja Ivar. Ivar har robåt. Ivar kan jo ro henne over til Per!
Ivar er forelska i Lise. Når Lise kjem og spør om han kan ro henne over til Per, svarer han at han alltids kan gjera det – men berre om ho vil liggja med han først.

Lise er fortvilt. Ho vil jo over elva til Per, kjærasten hennar. Men for å få Ivar til å ro henne over er ho nøydd til å liggja med han. Lise veit ikkje si arme råd. Ho går til mora si for å spørja henne til råds.
«Mamma,» seier Lise, «brua er borte, og eg vil til Per. Ivar har båt og kan ro meg over, men han vil ikkje gjera det utan at eg ligg med han først. Kva skal eg gjera, mamma?»

Men mor til Lise har ikkje noko konkret råd å gi i denne saka, så ho svarer: «Barnet mitt, dette er noko du sjølv blir nøydd til å finna ut av.»
Lise er rådlaus og fortvilt. Ho vil jo over til kjærasten sin, men skal ho bli rodd over til den andre sida av elva, må ho liggja med ein annan.
Lise ligg med Ivar. Ivar ror henne over elva.
På veg frå elvebreidda til Per går Lise forbi huset til Hans. Hans er bestekameraten hennar. Ho bankar på hos Hans, og når han opnar fortel, ho kva Ivar fekk henne til å gjera. «Han ville ikkje ro meg over til Per utan at eg låg med han først,» seier ho.
Hans blir svart av vreide. Sporenstreks tar han sin eigen båt og ror over til den sida av elva der Lise og Ivar bur. Han går rett heim til Ivar og gir han ein real omgang juling.



OPPGÅVE
Ranger moralen til dei fem personane (Lise, Ivar, mor til Lise, Per, Hans) i denne historia. Lag ei liste på ein til fem, der førsteplassen går til den med best moral og femteplassen til den med dårlegast moral.