Viser innlegg med etiketten religion. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten religion. Vis alle innlegg

søndag 29. november 2009

Det demokratiske sjølvmordet

No må vi passa på så framandfrykta ikkje veks seg så sterk at at vi overser verdige hatobjekt.

I dag 29. november har nemleg sveitsarane halde folkerøysting om forbod mot bygging av minaretar. (Ein minaret er tårnet på ein moské – gudshuset for muslimar. Somme vil altså ha forbod mot å byggja tårn, som vanlegvis har nokså moderate dimensjonar, i tilknytning til muslimske gudshus.) Mens eg skriv dette, ser eg at 57 % har sagt ja til forbodet. Det sveitsiske demokratiet gjer med andre ord moralsk seppuku. I fridommens namn blir det forbode for borgarane å fylla den med innhald.

Forslaget kjem frå den tullete «høgresida» i sveitsisk politikk, men fordi det er så banalt og idiotisk, får det tilslutning blant eit klart fleirtal av innbyggjarane. Sjølvsagt er det «symbolpolitikk» det handlar om. Minaretar er ikkje å forstå som religiøse innretningar, heiter det, men som «politiske symbol». Dei symboliserer ikkje-integrering og ufridom. Silhouetten av ein minaret mot himmelen fortel slett ikkje om menneskets trong til å tolka tilværet og å orientera seg i universet; nei, det er eit teikn på den omseggripande islamiseringa av samfunnet. Visstnok er dette eit stort og veksande problem i Sveits; det er kort og godt på høge tid å hindra at det går heilt over styr. Til saman finst det fire minaretar i landet.

Kva er det ved det sveitsiske demokratiet som gjer at denne sjølvmotseiande situasjonen har oppstått? I eit rosverdig forsøk på å balansera ut nokre av dei perverse utslaga av det «representative demokratiet» har Sveits etablert eit system der kven som helst har rett til å krevja folkerøysting om endringar i grunnlova dersom dei greier å samla minst 100 000 underskrifter i løpet av 18 månader. I juli 2008 kunne Die Schweizerische Volkspartei presentera ei liste med 113 540 underskrifter på eit krav om at teksten «Bygging av minaretar er forbode» skal inn i grunnlova.

Kva er det ved minaretar som gjer dei så problematiske i det sveitsiske samfunnet? Argumentasjonen har som sagt i all hovudsak dreidd seg om symbolverdien til minaretane. Det generelle problemet med minaretar er altså ikkje at dei sperrar for utsikter, kastar bokstavlege skuggar eller slyngjer ut lyd som gjer nabolag ulevelege. Dei er politiske symbol og derfor utolelege. Ironien er at eit forbod vil sementera og styrkja den politiske symbolverdien. Først no blir minaretar – med rette – politiske symbol: symbol på trusfridom, på opprør mot kulturell einsretting, framandfrykt og det etnosentriske hatet til fridommen!

La oss tenkja litt meir alvorleg over det gamle anarkistiske slagordet: It's forbidden to forbid!

Problemet for demokratane er at dei ikkje kan dømma fleirtalets vilje etter enkle, moralske kriterium, for fleirtalet har i utgangpunktet alltid rett. Fleirtalsfetisjismen er noko av det som gjer demokratiet farleg. Rett nok har fleirtalets evne til å undertrykkja minoritetar aldri vore noko demokratisk prerogativ. Det særeigne ved demokratiet er den moralske sanksjonen som i prinsippet alltid skal følgja fleirtalets vilje. Derfor er demokratiet ei effektiv organisasjonform når fleirtalet skal undertrykkja. I staden for å dømma fleirtalets feil som f.eks. umoralske på vanleg vis må ein gå omvegen om statsvitskapen. Dersom demokratiet har ambisjonar om å verna om fridom i tillegg til å undertrykkja, må såleis systemet byggja inn skrankar mot fleirtalets overgrep og undertrykking. Tilslutning til såkalla universelle menneskerettar (til dels i form av juridisk forpliktande ordningar) er ein måte å søkja ei løysing på dette dilemmaet.

På visse vilkår forstår eg at det iblant kan vera behov for forbod og kodifisering av akseptabel og uakseptabel atferd. Men det som alltid vil gjelda, er at eit eventuelt forbod må stå i samsvar med krenkinga den forbodne praksisen medfører. Krenkingane det er snakk om som følgje av at det blir bygd minaretar, er, eventuelt, reint symbolske, og eit forbod er derfor ikkje eit vern mot noko anna enn åndsfridommen.

lørdag 28. november 2009

Nytt liv til gamle kontradiksjonar

Både teistar og ateistar ser ut til, i all hovudsak, å vera samde om at Alvin Plantingas free will defense løyser dei logiske problema som følgjer av læra om at Gud både er allmektig og god. Teisme har vorte salonfähig i analytisk filosofi. Godt er det, tenkjer eg. Med kontradiksjonen forsvann også ein gammal fordom. Ateistar har ikkje lenger noko intellektuelt overtak berre i kraft av å stå i samklang med doxa.

Det er ikkje utan smerte, men eg òg ser meg nøydd til å akseptera resonnementet til Plantinga som koherent, elegant og kanskje sant. Likevel har eg ein reservasjon: Filosofar kan lett bli så blinda av dei logiske rørslene frå premiss til konklusjonar at dei gløymer å sjå etter om premissa er kurante. Og alle er vi blinda av det vonde i den grad at vi ikkje spør oss sjølve grundig ut om kva vi meiner med det gode.

Eit paradoks kan definerast som ein tilsynelatande uakseptabel konklusjon frå tilsynelatande akseptable premiss via tilsynelatande akseptabel resonnering. Eg mistenkjer Plantingas forsvar for å vera ein type paradoks, og eg mistenkjer at det gamle teodicé-problemet ligg gøymt i eit av premissa.

Kontradiksjonen er fjerna, mistenkjer eg, ved å omtolka det gode og dermed trylla vekk den moralske spenninga som, etter mitt syn, er sjølve veggen klassisk teisme alltid møter. Derfor meiner eg også at løysinga til Plantinga på eit eller anna vis må vera falsk. Den som gir inntrykk av å kunne gå gjennom vegger, er vanlegvis ein illusjonist. Det gode hos Plantinga (og andre teistar som støttar seg til liknande tankar) er omtolka frå den moralske grunntydinga til ei ontologisk, guddommeleg (og dermed sirkulær), førmoralsk – og den logiske utgåva av det vondes problem er nettopp eit moralsk problem. Vår protest mot Gud baserer seg på ei vanleg, menneskeleg, immanent forestilling om det gode – fordi verda slik vi kjenner den, og ein god Guds eksistens og allmakt ikkje harmonerer med nokon menneskeleg og forståeleg standard for kva det betyr å vera god. Gud er vond eller ikkje allmektig. Å suspendera ei enkel, endefram og opplevd forestilling om det gode ved å erstatta den med ein sofistikert, transcendent variant opphevar ikkje kontradiksjonen, men teknifiserer og forenklar diskusjonen ved å bytta ut byggematerialane.

På eit eller anna nivå meiner eg altså å sjå at Plantinga ikkje har løyst kontradiksjonen som ligg ved kjernen av det vondes problem. All den tid dette motseier konsensus blant religionsfilosofar, er det ein dristig påstand, og kanskje tar eg feil, men eg vil liksom ikkje gi slepp på innvendinga før den er tenkt ferdig og diskutert skikkeleg.

Derfor: Om nokon er oppdatert på saksfeltet og kan tenkja seg ein kveld med luftig samtale, spanderer eg gjerne kaffe på ein fredeleg stad i Trondheim. (E-postadresse til høgre.) Eg kan også ha behov for å få forklart kva Plantinga meiner med transworld depravity. (Kan henda er det dette eg er eit offer for.) Eg ønskjer å tenkja igjennom dette før eg døyr.