torsdag 10. september 2009

Retrettar, ikkje-involvering

Finn Skårderuds Uro er i ferd med å bli ein skikkeleg klassikar. Eg har aldri lese heile boka, men bladde i den for nokre dagar sidan. Eg kjenner at eg kan meina ganske mykje om den boka.

Eg merka meg dette:
På bakgrunn av erfaringa forfattaren har som psykiater, kan han konstatera at han forstår dei fleste typar psykopatologi som ei form for retrett. Psykisk sjukdom er vanlegvis ei tilbaketrekking frå sider av livet – forsvarsmekanismar, grensesetting, vern om sjølvet.
Kan henda er dette ei banal innsikt. Det mest interessante for meg er å kopla dette med min eigen moralske og eksistensielle sensibilitet: Eg verdset tilbaketrekkinga. Eg synest ganske ofte at livet fortener at vi drar oss unna. Ikkje sjeldan meiner eg at retretten er det beste. Retretten bidrar ikkje til å realisera «det gode», men den er ein måte å unngå å gjera ting verre.

Men eg er også eit deprimert menneske.

Ingen kommentarer: