lørdag 12. september 2009

Formativ handling. Stemmeseddel?

«BOIKOTT VALGET!»

Desse plakatane ved undergangen mellom Lademoen og sentrum forbausar meg litt. Så det finst altså fleire borgarar enn eg som ikkje ser på det å delta i såkalla representative val som ei plikt som bør fylla oss med andakt? Eg registrerer at skolepolitkk er ei hovudsak i valkampen. Det kan ein godt forstå når demokratiet er såpass dårleg internalisert i befolkninga at det enno finst individ som i fullt alvor meiner at det beste er å boikotta valet.

Ved Bakke bru såg eg enda fleire plakatar. Kven har hengt opp dei? Eg besøker nettsida deira. Tjenfolket.no: «en nøytral alternativ informasjonsside hvor målet er å gi folket mest mulig informasjon om hva som rører seg der ute i det politiske landskapet og hvordan den politiske eliten sammen med bank og finans eliten jobber mot opprettelsen av en NY VERDENS ORDEN» (sic!). Vel. Nøytralitet skal ein alltid vera skeptisk til. Men det er godt å sjå at ikkje alle simulerer innleving i det politiske reklamespråket.

I radioen høyrer eg Siv og Kristin vera såre einige om ein ting: Stem!

Visstnok finst det ein moralsk instans som tar ifrå oss retten til å klaga om vi ikkje stemmer. Kva er rasjonalet bak denne forestillinga når ein likevel skal godta makta som gror ut av valet, også når ein sjølv kanskje ønskte ei anna eller inga makt i staden?

Eit anna resonnement, særleg retta mot ungdommen: «Kva synest du om at det er gamlingane som bestemmer, da? Politikken gjeld ditt liv også, og derfor må du delta i valet» (Halvorsen parafrasert). Det sjølvsagte (og moralsk opprørande) framhaldet av same tanke er det få som målber: Kva med alle dei andre som kjenner på konsekvensane av dei politiske systema? Kva med menneska andre stader og i andre tider? Kva med andre artar? Kva med minoritetar på ein? Skal ikkje dei ha eit ord med i laget?

Svaret (eit av mange) er ganske enkelt: Dette handlar i liten grad om tankerekkjer; det handlar om å styrka eit maktapparat, om ei stadig fornying av legitimiteten til det representative demokratiet. Derfor får vi vita at det å delta i valet er den formative handlinga par exellence. Er du opptatt av korleis verda og samfunnet/samfunna skal sjå ut, er det no du har sjansen til å gjera noko med det! Løgn, så klart. Langt viktigare er korleis du bruker pengar, kva du et og korleis du skaffar det, korleis og kor mykje du transporterer deg, korleis du bur og kva du fyller bustaden med, kor mykje du forplantar deg, kven som døyr for at du skal leva, ...
Sjå mennesket i sin stordom der det formar verda i si likning! Kvart fjerde år skal det leggja papir i ein heilag boks, og Herren, allhærs Gud, skal sanksjonera alle vedtak og disposisjonar i den gjeldande stortingsperioden.
«BOIKOTT VALGET!» Kvifor? – Kvifor ikkje?

Ingen kommentarer: