torsdag 24. september 2009

X pr. km

Med god hjelp av Skanska og ein nylagt kantstein greidde eg å påføra ein bussmotor skadar for 50 000 kr tidlegare i år. Stort tal. Eg var på jobb, og dei sekunda det tok å øydeleggja, tilsvarer to månader inntekt. Bruttoinntekt og fulltidsarbeid. Sjølvsagt er det ikkje eg som må betala, og samanlikna med mykje anna som kan skje og skjer, var dette ei fillesak. Like fullt var det ei ekkel påminning om kor fort ting kan gå skeis.

Sidan i sommar har eg jobba lite, og da eg sette meg bak bussrattet tysdag ettermiddag, kjende eg at det var greitt å bruka litt av døgnet på å tråkla seg gjennom Trøndelag, helsa på folk og ta dei med dit dei skulle. Busskøyring er på mange måtar ærleg arbeid. Folk bør sjølvsagt halda seg meir i ro, men når dei no først har eit transportbehov, er det betre at dei tar bussen enn at dei løyser det på den andre måten. Eg kan hjelpa dei med dette.

Haustkvelden er mørk. Regnet bøttar ned. Kommunane sparer elektrisitet. Gatelysa er ikkje tende. Verda er glitrande svart, og auga kjempar med forstyrrande refleksar.

50 km/t, 60 km/t, ... 80 km/t? 22 meter i sekundet! Galskap. – Men ikkje verre galskap enn vi forventar. Vi aksepterer dette, opplever det som rimeleg trygt, til og med. Eg er slett ikkje verre enn dei fleste andre. Faktisk går eg for å vera ein litt forsiktig type. Likevel omgir eg meg med eit risikonivå som ville ha vore fullstendig uakseptabelt på alle andre samfunnsområde.

Per køyrde kilometer smell det X gonger. Kva er annleis om eg er involvert?

Ingen kommentarer: