lørdag 28. november 2009

Samtidslitteraturen

Kvifor les eg så lite norsk samtidslitteratur? Eg har stilt meg spørsmålet fleire gonger. – Fordi det meste er dørgande keisamt, har eg svart og straks tenkt på noko heilt anna.

Men kvaliteten på norsk samtidslitteratur er gjennomgåande høg, har eg vorte fortalt. – Kanskje det, har eg tenkt, men det handlar ikkje om noko. Og atter har eg tenkt på noko heilt anna.

For tida les eg ei bok av ein person som skriv norsk samtidslitteratur av høg kvalitet. Ein «forfattaranes forfattar»; han skriv godt, det må eg vedgå. Han bruker mange komma – også der han heller burde ha sett punktum. Nokre stader bruker han ikkje komma der det ifølgje vanlege reglar skal vera. Til gjengjeld bruker han semikolon flittig, både korrekt og ikkje korrekt. Eg bør fortelja at eg var på nippet til å avskriva fyren som ein livsfjern type som berre har kjennskap til verba i infinitivsform. Men akkurat da – o timing! – tok han opp temaet rikdom, og han hadde eit par innsikter. Som alltid har eg reservasjonar, men eg kjenner ei viss begeistring for denne boka. Bra for meg, og bra for samtidslitteraturen.

Forma, handverket, dei stilistiske grepa, det ubestemmeleg skrivekunstakademiske – dette kan dei, dei er gode, dei samtidslitteraturforfattarane; eg nektar ikkje for det. Landet er velsigna med kvinner og menn som finn ord. Men det blir så mange skildringar, så mange ikkje-poengterte oppramsingar, for einsarta livssituasjonar og for tannlause livssyn. Nei, det interesserer meg ikkje så infernalsk. Kan henda er det mangelen på innsikter som gjer meg rastlaus? Den einaste ideologien som lever i Norge, er jo småbarnsfamilien. Og «glødande sosialdemokrat» er og blir eit oksymoron.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Men hva er du du leser Dagfink?

Gare

kvilelaus sa...

Forfattaren eg siktar til, er Tomas Espedal. Boka eg likte ganske godt, heiter Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv.